I dagligtale vert orda refleksjon og kritisk refleksjon ofte brukt synonymt. Det kritiske i denne samanhengen viser til kritisk teori. Tema som makt og samspelet mellom individ og samfunn er sentrale i kritisk teori, og dei går att i den kritiske refleksjonen.
Ideen med kritisk refleksjon er å læra av praksis og la den nye kunnskapen føra til endring. Dette kan bidra til å knyta teoretisk og etisk innsikt saman med kjensler og praktisk erfaring. Boka kan inspirera til å integrera kritisk refleksjon i daglig praksis, både hos den enkelte praktikaren, i kollegafellesskapet og på organisasjonsplan.
Målgruppene for boka er studentar ved sosialarbeidarutdanningane og andre velferdsutdanningar, tilsette og medforskarar i praksisfeltet, og brukarar og brukarorganisasjonar.
HUSK (Høgskole- og universitetssosialkontor) har vore eit femårig forsøk frå 2006-2011 for å utvikla nye, forpliktande og likeverdige samarbeidsformer mellom forsking, utdanning, praksis og brukarar i sosialtenesta/Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet har finansiert og hatt det overordna ansvaret for HUSK.
Gurid Aga Askeland er sosionom og førsteamanuensis ved Diakonhjemmet høgskole, Institutt for sosialt arbeid og familieterapi.","url":"https://cdon.dk/produkt/kritisk-refleksjon-i-sosialt-arbeid-d3dcd3049f7e51fa/","image":"https://cdn.cdon.com/media-dynamic/images/product/cloud/store/Book/000/014/014/085/14014085-11453-org.jpg","sku":"P20865835","gtin":"9788215018881","brand":{"@type":"Brand","name":""},"offers":{"@type":"Offer","url":"https://cdon.dk/produkt/kritisk-refleksjon-i-sosialt-arbeid-d3dcd3049f7e51fa/","priceCurrency":"DKK","price":393,"priceValidUntil":"2025-03-23T23:59:59.999+00:00","itemCondition":"https://schema.org/NewCondition","availability":"https://schema.org/InStock","seller":{"@type":"Organization","name":"CDON"},"shippingDetails":{"@id":"#shipping_policy","@type":"OfferShippingDetails","deliveryTime":{"@type":"ShippingDeliveryTime","handlingTime":{"@type":"QuantitativeValue","minValue":0,"maxValue":1,"unitCode":"DAY"},"transitTime":{"@type":"QuantitativeValue","minValue":3,"maxValue":6,"unitCode":"DAY"}}}}}